Eit bilete av Lars-Erik
Vi har eit par songar til miksing hos produsent Lars-Erik Westby, og vi gleeedar oss til å høyre korleis dei blir! Medan vi ventar, får vi leggje ut eit fint bilete av Lars-Erik som speler gitar.
Her bomma vi litt, men Henrik og eg er jo kjempefine.
Ljosare bilete, men Lars-Erik er framleis litt i bakgrunnen. Vi prøvar igjen:
Men! Veldig uklart her, ein ser jo ikkje mannen eingong. Let oss redigere opp kontrasten.
Oi. Dette er ei overredigering, altså – Han er ikkje så skummel til dagleg. I dag ser det ut til at vi faktisk ikkje klarar å innfri forventningane overskrifta skapar. Jaja, får prøve igjen når vi får låtene tilbake frå miksing! Det blir stas på så många sett.
K




