Intervju med musikar (20) i Oslo

Kva er det beste/verste med å vere ein musikar i Oslo?
- Det beste er å ta flytoget til sentrum og berre spasere heim etter å ha reist på spelejobb eller turné (i Finnmark må ein hentast med bil på flyplassen -red. anm), gjerne etter å ha drukket Solo og vann på flyet for å tilfredsstille ein dehydrert kropp. Det verste er at det er så mange andre som går rundt med gitar på ryggen, så folk trur ikkje naudsynt at du er rockestjerne, berre fordi du har gitar og ser kul ut.
Kva gjer ein musikar i Oslo når det er fint vér?
- Søv nokre timar for lenge, sjanglar ut døra og rett på kiosken for å kjøpe frukost-is, sitt på Youngstorget og ser på folk, får litt inspirasjon, finn fram ei penn ifrå lomma og skriv ein tekst-idé på isbegeret. Legg teksten i lomma, og gløymar den der. Rester frå isen gnis ut, og viskar bort store delar av bokstavane, samt limer begeret fast i stoffet, slik at det blir veldig vanskeleg å skille dei to utan at pappen blir øydelagt. Går heim for å spille gitar. Tenkjer på resten av bandet, og gler seg til neste bandøving. Sovnar med hendene over dyna.
Kva skal du til helga?
- Henge med bandet og finne på band-ting.
K
