Sep

15

2011

BY Cyaneed

A walk on the wild side!

Er vi for straight? Etter ein konsert i Tyskland i fjor fekk vi høyre frå arrangørane at “Wow! I can’t believe you’re so… Sober!”. Vi var nok ikkje heilt som andre punkeband dei hadde husa. Eg må seie som far min: “I tar livet bart!” – Å spille konsert gir ein rus i seg sjølv, og den vil vi ikkje gå glipp av. Ingenting er derimot betre enn kald øl ned i ein svett kropp etter party på scenen med bandet!

Foto: Oleg Khadartsev

Vi søv stort sett i silkemjuke hotellsenger når vi er på turné, og vi har hengt svært lite i mørke smug og… Okkupert hus. Difor tenker vi at det er på tide å prøve ut noko nytt. Dette er innsida av Hausmania:

Foto: Ketil Blom, Universitas

Dette bygget vart okkupert i 1999, og eiast no av Oslo kommune. Hadde vi vore skikkelig vill og gal hadde vi holdt konsert der på 90-talet, men då var vi diverre oppteken med å bli født, byrje på skulen og glede oss til barne-tv klokka 1800. No er vi derimot vaksne nok til å holde leven i dei seine nattetimer, og det skal vi også gjere. På Hausmania. I området rundt er veggane stasa opp med grafitti, sjå for eksempel på dette veldig fint redigerte biletet:

Foto: Super Photographer and Bass Player of Cyaneed, Karese

MEN! For oss som vanlegvis er så straight, hjelper det ikkje å berre spelle opp til dans på Hausmania. Neida, vi gjer det i regi av Oslo Queerfestival!

Foto: Wegar Berg Gundersen

Viss ikkje dette blir show veit eg sanneleg ikkje kva som skal til!

Foto: Wegar Berg Gundersen

Gleder meg utruleg til å oppleve dette publikummet frå sceneperspektiv. Oppfordrer alle som er i Oslo torsdag 22. september 2011 til å ta turen, uansett legning, dreadlocks eller ikke. Tør dykk ikkje å gå inn aleine, kan vi komme ut og hente dykk <3

K

3 COMMENTS

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  1. Trond G. says:

    Lykke til! Blir sikkert bra. Mange bra motiv.

  2. Barny says:

    Lykke til! Blir sikkert bra. Mange bra motiv.
    +1

  3. wdvikr says:

    50dHmV oqcxricvlnvv, [url=http://fvwkrhkpaebg.com/]fvwkrhkpaebg[/url], [link=http://dowjomzvxevv.com/]dowjomzvxevv[/link], http://lpifnqfeswrf.com/